Bygdelista i kontrollutvalet og OPOM
I dag hadde kommunestyret 2015-2019 sitt siste ordinære møte. Etter at møtet var heva samla alle dei nye listetoppane seg for å signere fordeling av posisjonar i avtaleval. Bygdelista får leiaren i kontrollutvalet samt ein fast representant i utval for oppvekst og omsorg (OPOM).

Fordelinga av posisjonane i sentrale råd og utval skal veljast i konstituerande kommunestyremøte måndag 21. oktober 2019. Fordelinga til formannskap, utval for drift, utvikling og kultur (DUK) og utval for oppvekst og omsorg (OPOM) tek utgangspunkt i om det hadde vore forholdsval mellom to blokker med 15 røyster til Sp/Ap/KrF og 10 røyster til H/FrP/BBL/SV/MDG. Det gjev 6 plassar til posisjonen og 3 til opposisjonen i formannskapet og 4 mot 3 plassar i utvala DUK og OPOM.
Koalisjonen Sp/Ap/KrF hadde ikkje noko ønske om å ta med gamle samarbeidspartnarar som SV og Bjoa bygdeliste vidare. SV og BBL gjekk dermed inn i eit valteknisk samarbeide med MDG, Høgre og FrP.
Samarbeidet i opposisjonen dreier seg berre om å gi kvarandre arenaer å drive politikk på dei neste fire åra og inneber inga politiske bindingar.
Tormod Sandsgård blir bygdelista sin faste representant i OPOM medan Kristian H. Resset blir ny leiar i kontrollutvalet. Sistnemde er og fast representant i kommunestyret 2019-2023.
Slik blir Bjoa bygdeliste sin representasjon dei neste fire åra:
KOMMUNESTYRET - BBL 1. Kristian Haraldson Resset Varamedlemmer: 1. Anna Klette Steinsland 2. Tormod Sandsgård 3. Linn Gjerde 4. Øystein Sandsgård UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG (OPOM) - BBL 1. Tormod Sandsgård Varamedlemmer: 1. Kathrina Håvarstein 2. Øystein Sandsgård 3. Anna Klette Steinsland KONTROLLUTVALET 1. Kristian Haraldson Resset BBL leiar 2. Anne Tone Salte Andersen H nestleiar 3. Knut Severin Berge FrP 4. Olaug Mari Øen SP 5. Eivind Hetland KrF Varamedlemmer: 1. Øyvind Oland H 2. Inga Elise Steinsland SP 3. Gunnstein Koch KrF 4. Sverre Hustveit FrP 5. Linn Gjerde BBL
