Supert valresultat – usikker uttelling
Det endelege valresultatet er her. Bjoa bygdeliste har gjort tidenes beste val, men om det blir posisjon eller opposisjon er uavklart. Sp, Ap og KrF har allereie delt indrefileten mellom seg – ordførar, varaordførar og utvalsleiarar. Neste veke blir vi invitert på restefest – då får vi avgjera korleis vi best skal forvalta valresultatet.

Valet 2019 vart eit rekordval for Bjoa bygdeliste. Tidleg på valkvelden hadde bygdelista to representantar inne i kommunestyret, men det var før dei største krinsane var telte opp.
Senterpartiet er framleis største parti i Vindafjord. Etter tre periodar i koalisjon med Senterpartiet vart vi denne gongen ikkje invitert med for å diskutere sentrale posisjonar. Sp, Ap og KrF har allereie inngått avtale om makta. Sonderingar den næraste tida vil avgjere om vi kan finne rom for samarbeide med posisjonen eller om vi kan arbeide betre til beste for Vindafjord ved å vera aktive i opposisjon.
Personstemmer er ekstrastemmer som kandidatane får anten ved å vera utheva (kumulert) og/eller ved å få kryss ved namnet av veljaren. Slengjarar er røyster som kandidatar får ved at veljarane skriv namnet deira på andre lister enn den lista dei stiller for.
Slik vart rangeringa for Bjoa bygdeliste sjåande ut til slutt:
Bjoa Bygdeliste |
|||||||
| Tal røystesetlar: 220 | Røystetillegg på 25% | ||||||
| Oppr. nr.: |
Namnet på representanten: | Røystetillegg: | Personsrøyster: | Slengjarar: | Tot. tal røystetillegg og personrøyster: | Ny rangering: | |
| 1 | Kristian H. Resset | Repr. | 55,00 | 1090,00 | 48,00 | 212,00 | 1 |
| 2 | Anna Klette Steinsland | 1. vara | 0,00 | 58,00 | 8,00 | 66,00 | 2 |
| 3 | Tormod Sandsgård | 2. vara | 0,00 | 37,00 | 3,00 | 23,00 | 3 |
| 4 | Linn Gjerde | 3. vara | 0,00 | 29,00 | 1,00 | 13,00 | 4 |
| 5 | Øystein Sandsgård | 4. vara | 0,00 | 20,00 | 3,00 | 23,00 | 5 |
| 9 | Kathrina Håvarstein | 0,00 | 11,00 | 2,00 | 13,00 | 6 | |
| 6 | Knut Jørgen Sandvik | 0,00 | 7,00 | 1,00 | 8,00 | 7 | |
| 18 | Stian Bauge | 0,00 | 5,00 | 3,00 | 8,00 | 8 | |
| 10 | Tor Stein Svendsbø | 0,00 | 7,00 | 0,00 | 7,00 | 9 | |
| 15 | Arnfinn Dimosthenis Vølstad | 0,00 | 4,00 | 1,00 | 5,00 | 10 | |
| 11 | Anne-Grethe Gjerde | 0,00 | 4,00 | 0,00 | 4,00 | 11 | |
| 7 | Maria Naustdal | 0,00 | 3,00 | 0,00 | 3,00 | 12 | |
| 13 | Astrid Margrethe Krunenes | 0,00 | 2,00 | 0,00 | 2,00 | 13 | |
| 16 | Vitalija Skuodaite-Vaznone | 0,00 | 2,00 | 0,00 | 2,00 | 14 | |
| 8 | Odd Johannes Lien | 0,00 | 1,00 | 0,00 | 1,00 | 15 | |
| 14 | Lars Arne Lien | 0,00 | 1,00 | 0,00 | 1,00 | 16 | |
| 17 | Mindaugas Vaznonis | 0,00 | 1,00 | 0,00 | 1,00 | 17 | |
| 12 | Herman Westerman | 0,00 | 0,00 | 0,00 | 0,00 | 18 | |
Kjelde: Valprotokoll, Vindafjord kommune
- Last ned/sjå heile protokollen som PDF her: Vindafjord – Valprotokoll 2019
